All posts by elinf

Flott med lang førjulstid

#jul #norskjul #førjulstid

For tida koser eg meg i førjulstida med julafilmar. Julafilmar er noko av det viktigaste for god julestemning og det er noko ekstra julamagisk med å sitte klar når filmen kjem på fjernsynet.

November er for meg starten på førjulstida, då kjem det julafilmar på fjernsynet, julareklame og småstart på innpakning av julepresanger som allereie er kjøpt inn..

November verte for meg nedtelling til desember ( som går så alt for fort)

Jul starter i desember og då er det så mykje som skjer av avslutningar her og der, grøutfestar, julabord, julashopping +++ at ein nesten må starta med litt av forberedelsane til jul i oktober/november..

Men eg er tydeligvis ikkje åleine der ..

” nei oktober er ikkje tidsnok, eg starter i september.”

“Å nei” seier ein annan “eg må starte i august”

Og nokon starter julegåvekjøpet i januarsalget

Det går så fort at me må ta oss tid til å kosa oss før julestria slår til for fullt ..

Eg ynskjer at huset skal væra nokså ferdig julepynta til desember slik at eg kan nyte å å stå på eit pynta julakjykken å baka kakemenn, sitta i ei julastova om eg skal pakka inn gåver eller får eit pusterom i en hektisk julemånad når det plutseleg kjem ein god julafilm.

 

 

Dei viktigaste forsetta

Mange kjører hardt ut med nyttårsforsetter frå fyrste Januar også dabber det meir og meir av mot sommeren, men eg meiner at du kan ta det med ro og ta ein dag om gången , la ei forandring festa seg om gången og auk gradvis med nye forandringar.
Eg meiner at det viktigaste er at du får til forsettet ditt i løpet av året og ikkje at du får til alle forsetter frå starten av januar.

Slutta å røyka, eta sunnare, byrja og trena osv er blandt dei vanlegaste nyttårforsetta. Det er stort fokus på fysisk sunnare livstil, men kva med også andre viktige ting? kva med dei indre kjennslene våre?

Her er nokre av dei forsetta eg meiner du også kan ha godt av å prøva på å setta deg, som kan få deg til å ta betre vare på deg sjølv og gi deg betre sjølv kjennsle

Finna ein ny hobby, noko du trivst med og bruka tid på dette.
Prøva nye ting, kanskje likar du noko du ikkje trudde du ville lika. Tenk litt utanfor boksen
Finn ut ein måte å utvikla dine evner kreativt, alle har evner og talent. Nå vonar eg at du finn dine,
Finn flotte ting ved deg sjølv og gi deg sjølv komplementer. Om det gjelder, ditt utsjåande, klær, talentet, vennlegheit, humor, at du får andre til å le eller føla seg betre.
Sjå deg i speilet nå og då og sei til deg sjølv -Eg er vakker, – eg er flott , smilet / håret mitt er flott osv fordi DU ER FLOTT!
Få inn ein avslapnings dag og to i månaden, der du tenker på deg sjølv. Du kan eta god mat, gå på kino, kaffibar, sjå film og krypa ner i sofaen.
Kom deg ut- for roen skuld, for fredens skuld, for å slappa av, for å samla tankane, stressa ner, nyta været og naturen, sjå på livet, fuglar, kattar, blomar, himmelen. Både du, hjarta ditt, hjernen din og sjela di har godt av at du kjem deg ut i naturen av og til i løpet av året, i divarse vær, en liten tur er betre en ingen tur.

Eg vonar at året som kjem blir eit godt år og at du får ynskjene dine oppfyllt.

Det julå dreie sæg om..


For kva dreier jula seg eigentleg om? Mange ser ut til å væra einige om at det ikkje handler om dei dyraste gåvane og den flottaste maten, men kvifor ser det då alikevel ut som om mange konkurerar i dette? Kvar einaste år må folk spør på facebook om kva som er greit og ikkje greit. I fjor holdt ” vi som er hekta på jul ” på å koke over av spørsmål om kor tid ein kunne pynta slik at admin ikkje kunne godkjenna slike spørsmål til slutt.
Mange seier dei gruer seg til jul nettop på grunn av alt maset og presset , men kan dei ikkje gjer som dei sjølv ynskjer med mat, pynt og gåver? Ein treng ikkje gjer som alle andre, eller er det slik det er blitt? At mange vaksne føler meir press og stress en kos julå?
Kva med den omvendte typen, den som ikkje gjer noko ekstra for seg eller andre i jula? Dei som konkurerar i gjer minst mogleg.
– Eg bryr meg ikkje om julå har berre litt pynt og kanskje litt julemat.
– å nei eg gidde ikkje å pynta eingång eg ..
– å her har me ikkje pynt heller og julaftå har me grandis
Er det ikkjedet litt trist med begge desse typane både dei som skal visa andre at dei ” ikkje bryr seg” og dei som skal overgå kvarandre?

Adventskalenderen

Eg var forbausa den fyrste gången høyrde ein far som sa han ga ein mobil i kalendergåve til dottera og over elevar som visar kvarandre kem så har fått dyrast kalendergåven..
Du kan vera med dei som er i gang å snu dette, for det er heldigvis ein voksande trend å gi aktivitetar, spiselege gåver, rimelige gåvekalendere, for er det noko born set betre pris på er det tid og enkle gleder.

Sjølv har eg gavekalendera med julegodt og bruksting som sokker, truser, deodorant, billig sminke osv. Regelen er at det skal helst ikkje kosta meir en 20kr per gåve og ein på juleaftå til 50kr. Slik har me hatt det lenge og det som er finare en kalendergåver til tusenvis av kroner så er det “Adventstunda” me har og har hatt ilag sia eg var lita. Med advendtskalender episoder på tv / film, julekaker og åpning av kalendergåven. Min søsters påfunn frå barndommen av.

Julegåver

Kvifor er gåver så viktige?
Det er ikkje gåven i seg sjølv, det som er inni som er viktig, men merksemda.
Å gi ei gåve som du har lagt litt arbeid i om du har plukka han ut i butikken, funne på finn, eller laga sjølv er det same. Det at den er pakka inn skal få spenninga til å stiga – Kva har nettop denne personen funne på til meg? Nei det skal du ikkje finna ut før du opnar ho på julakvelden:
-Å gi ei slik gåve seier:
-Vil bli betre kjent med deg
-Er glad for å ha deg i livet
-Ynskjer fleire hyggelege stunder med deg fremover.
-Eg er glad i deg.

Ei slik gåve seier desse orda meir en dyre mobilar, falsk høflighet året igjennom, dyre reiser osv

Når ein har ei god vennine, ei tante eller mamma som du på grunn av omstendighetane ikkje ser så mykje i løpet av året, er denne merksemda i form av ein liten gåve som er pakka fint inn og som ligg under treet veldig viktig.
Kva når ein person er der for deg når andre sviker? eller ein som er der når han ikkje er der? kva med ei du kan ha desse fine uviktige, men samtidig viktige samtalane med gjennom året?
fortenar ikkje dei ein ” Eg set pris på deg ” gåve på julaftå?

Samhold og samvær

Dei av oss som får væra i samen med dei som me har nær bør ta vare på desse stundene, for det er slett ikkje alle som får være i lag i julå. I dag er mange splitta av så mange ulike årsaker at det er ingen selvfølge at folk for være i lag med mannen, barna eller besteforeldrene i julå.
Så til dei av dykk som får var ilag med borna pust ut, sett samen et pepperkake hus i lag ein dag. Til dykk som har nokon å besøka på eit gamlehjem, psykriatisk, fengsel osv gå påbesøk viss du kan og ha med gaver, kaker eller anna fint.
Legg til rettes for at besteforeldre får koma på besøk , hjelp til med henting og bringing om mogleg. Lag den maten dei liker. Du veit aldri når borna får den sista julå med besteforeldrene. Du kan heller ikkje veta korleis neste jul blir eller kem som forsatt er tilstades neste år verken av besteforeldre, born, sysken, vener eller onkler og tanter.
Så bruk verken Desember eller jula på å trykke på tull på mobilen, kjatra på telefonen, vasa på badet, småvasing med ting som “må” være perfekt, medan born eller vener ventar på deg.

og heilt til sist.

Er du fyrst på facebook så ikkje skroll og skroll, men ta deg tid til å faktisk lese innleggene folk skriver eller bildene dei legg ut fordi ein tommel opp kan være som eit klapp på skulderen eller ein klem til nokon som treng det. Du viser at du bryr deg og varmer eit hjarta.

Så til alle i samen der ute                                                                                                        Ha ei god jul!

Hausten er komen og frukta med den . .

hausten er ei fin tid
Det mørknar sakte og stille, dei fine fargane , halloween , der går i mot vinter og jul..
Noko eg likar aller best med hausten er den deilige frukhagen heima på Bryne.
Bringebær, stikkelsbær, solbær, epler og pærer og meir .. i år bugna det med bær. Me har har plukka og plukka, gitt vekk, frøse ner og laga jus.
i helga laga eg og syster mi Elisabeth råsaft av epler og pærer.
Me tilsett ikkje noko som helst, ikkje sukker heller
Denne safta / jusen smaker så friskt og det kan ikkje verta sunnare en dette.

 

Her verte frukta pressa til jus

 

 

 

 

 

 

 

Dette smaker nydeleg.

Huset luktar så godt når ein held på med slikt. Lukta av haust set seg liksom i huset då..

Klar til siling på gamle måten..          

 

 

 

 

 

Å sila det på denne måten gjer at safta blir endå tynnare. me brukar ikkje alltid å gjera det, men av og til når ein har litt tid til overs lager med dei to typane saft med og utan noko fruktkjøtt.

Fornøyd med storleiken på epla i år . .

 

 

 

 

 

 

 

Har frukt og grønt i hagen? Kva lager du? Nokon faste tradisjonar?

ElinF.

#råsaft #eplehagen #haust #eple #pære #epletre #pæretre

 

Eg er ein evig optimist!

Det betyr ikkje at eg alltid tenker -Ja, Så klart og tar på meg umoglege oppgåver med det same utan å stille spørsmål, men eg stiller spørmål med ein plan om å løysa oppgåva og ikkje grev meg ner i dei kritiske spørsmåla som ofte tammer posetiv tankekraft.

 

Eg tenker aldri – Dette er umogeleg, korleis skal eg/me få det til. Eg tenker – Dette kjem til å varta vanskeleg, korleis KAN me få det til, Kva er det aller fyrste (muse)steget eg må ta for å nå det målet eg har sett meg. Når det er teke, tek eg det der i frå ..

 

 

 

Drikk ein cola, ligg på benken og et ein seigman og du ligger sansynlivis død i morgen !

 

oubt0

Er så utruleg lei dette perfekt og sunnethysteriet som mange har om dagen ..!
Aldri et godis, aldri et sukker eller salt, aldri et pommefri eller pizza, eller lyst brød aldri ligg og slapp av på benken, et aldri ferdig mat, adlri alkohol, aldri snus, aldri sitt oppe seint, spill aldri nettpoker.
Det er greit at dei overnevnte tinga er usunne ting og mengder av dette ikkje er bra for deg i lengden , men det må var låv og unne seg eit glas sprite eller to i helgen og spille nettpoker ein gång i blandt?
Nei, du skal spise sundt, sundt sundt, og trene, trene ,trene og – abb abb, ikke sitte ned, trene! I Media er det tusenvis av “eksperter” som skal fortelja oss korleis me skal leva livet vårt eller ikkje leva livet og alle vet sjølvsakt best.

41313_425297792591_35818_n – Kopi
Til og med sunn mat skal ein halda seg vekke i frå
Nokon vil at me ikkje skal eta frukt , nokon meinar ein aldri ska eta tomat , nokon potet,Nokon meinar at me aldri skal eta brød, andre pasta/ris og gulerøtter osv ; men kva er det igjen då?
Det å informera om kva som skjer med kroppen og psyken om du gjær for mykje av det som”ikkje er bra” eller spiser for mykje av denne usunne maten er heilt greit , men heilt ærleg det er forskjell på å barbera seg og skjæra av seg haka!
Så det å eta moderate mengder av det som er såkalt “farleg” er ikkje så farleg som det å eta dette kvar dag/ fleire gånger i veka og kva me skal eta og kordan ein skal leva liva sine må kvar enkel få velga sjølv og det er ikkje slik at dei fleste av oss trenger eksperter som fortel oss kva som er sundt og kva som ikkje er det .

DSCN1878
Sjølv har eg ein klar regel for meg sjølv aldri brus , godis og snack ,jo

Vatn!
Vatn!

inni mellom, men aldri i vekene. Eg har eit fokus på å ete sund og variert mat frå bunnen og for i meg fem om dagen, eg trener og går turar kvar veke, men i helgene unner eg meg litt kos og sitter oppe seint , i selskaper et eg kake og har mine dager eg ser tv og slapper av.

308943_10150288042687592_1351117669_n
Min personlige meining er at det ikkje er farlig og eta pizza eller snop, men mengden du får i deg. Og det er det også det mange andre ekspertar meinar, for me har ei helse å ta vare på ,men gjelder også den psykiske helsa og da skal me innimellom eta usunn mat som smaker godt og gjør oss glad,men alt med måte! 🙂

Pizzabuffet på Astor i København
Pizzabuffet på Astor i København

Dei bisarre sommarmotane..

..som media skal få oss til følga ;P

Så las eg det igjen endå ein ny mote som dei liksom skal få oss til å gjera.. kem som eigentleg kjem med desse ideane veit eg ikkje, men rare er dei

i 2013 skulle mannfolka  lokkast til å gå i det dei kalde for “String Latéral Flash”  (Google) ei “ultrasexy” stringtruse for menn i følge 730.no og Heidi Holly.

Den ultrasexy stringtruså (sjå den her)

I fjor skulle me farga håra under armane

Farga hår under armane !

I år skal me faktisk greia håret under armane(!) og gå med berre “tanntråd” på stranda. Ein sjukt liten bikini som visar ALT (ein skulle like godt gått naken)  ..

Trandtråd bikinien (link)

.. Mens damene skal nokså minimalistisk kledd.. skal mannfolka pakka seg inn i Mormors gamle sengeteppe !

Shorts av ulltepper!

Og desse tinga skal media prøve å få oss til og gjera eller kle oss i ;P for dette er jo eigentleg ikkje verklege trender, i vertfall ikkje i mitt hovud.. men kanskje nokon få går slik?

 

Kva synest du om desse trendane?
Ville du gått slik?
Kva trur du blir dei neste trendane?

Kanskje det blir ein mote å gå med nissahua på stranda ein gång?
Kanskje det blir ein mote å gå med nissahua på stranda ein gång?

Her er meg i for eksempel det eg går i på stranda
Her er meg i for eksempel det eg går i på stranda

 

 

 

 

Slik lagar du herleg kaffi .. Heima, utan avansert utstyr

Kaffi med kardemommestrø
Kaffi med kardemommestrø

Det er sundag kveld eg sitt foran fjernsynet og koser meg med ein god kopp iskaffi med jordbærsmak NAM!

Kaffien har eg laga sjølv og eg elskar å eksperimentera med smaker!

Kaffien har eg laga sjølv og eg elskar å eksperimentera med smaker!

Eg er svært glad i kaffi, fyrste gång eg smaka var eg 13/14 år og var i lag med syskenbarnet mitt på Peppes Pizza Bryne, ho hadde fått smaken på kaffimokka og lokka meg til å smaka, etterpå var det tradisjon for oss og gå på kaffibar når traffs for å kjøpa kaffimokka.

Seinare blei eg meir og meir glad i kaffibar og er glad i å variera i alle dei forskjellige typane, men det det å gå på kaffibar kan bli dyrt i lengden og det blir berre dyrare, det er svært synd.

For når det å gå på kaffibar og kafè generellt skal væra så dyrt i dag då kan ikkje dei som tenar anminneleg eller mindre, treffa folk og væra sosiale rundt eit kafebord, med ei kaffikopp eller te, god mat osv utan at ein må ut med kanskje tilsamans fleire hundre kroner då kan dei ikkje gå ut så ofta.

Berre på mezzanin på M44 Bryne ( der går eg aldri meir) har dei fleste kaffiane stege 20 kr berre på få år!!

ja, då er det bra at ein kan laga til noko tilsvarande heima.   

Slik går du fram:

Du treng:

  • Vanleg kaffetrakter + den filterkaffien du liker best, det treng ikkje vara noko dyr type for at det skal vara godt
  •  Smakstilsettninga du ynskjer Feks. Vaniljesaus, jordbærsaus eller syltetøy, sjokoladesaus, karamellsaus osv, du kan også finna på noko sjølv.
  • høge kaffiglas + lange kaffiskeier viss du ynskjer
  • Krem om du ynskjer
  • Krydder om ynskjeligt, f.eks Kanel eller kardemomme (anbefales, er veldig godt)
  • Sugerøyr
  • Melk

Kok opp kaffi, om du ynskjer kan du laga iskaffi eller kald kaffi då ventar du berre til kaffien er kald, eller er det noko du kan gjera med kaffien frå i går som ellers ikkje er så god kald, men blir dritgod når du lagar iskaffe av den. Skal du laga iskaffi? hugs isbetar + iskald melk!

Fyll litt smak i botn, det du ynskjer så fyll du på med kaffi (kald eller varm) den mengden du ynskjer, fyll så opp resten med melk, men viss du skal ha krem på hugs å ha plass til den. strø så litt kanel eller kardemomme, evt sjokoladestrø. SMAK!

Håpar du likar det !

DSCN3796DSCN3792

 

 

 

 

 

 

 

Teksting av Jærbu på Farmen

Stor oppmerksomhet

Dette med teksting av Frank Tore Aniksdal frå Vigrestad har skapt stor oppmersomhet  på dei sosiale mediar, og kvar eg logger meg på er det lagt fleire linkar frå  innlegg og innlegga har hundrevis av kommentarar.

Og det diskuteres så det koker om tv 2 teksting på jærbuen.

Tekstinga har fått meir oppmerksomhet en f.eks forlovelsen inne i Big Brother huset. (som eg ikkje har sett nokon skriva om på nokon mediar)

Nokon av dei som har sagt meiningane sine høgt er blant anna SP politiker Geir Pollestad og Hagbert sibelius Rør-reime (AKA Tom Weum. )

 

https://www.facebook.com/video.php?v=10152800876896133  (link til video på facebook Geir pollestad)

 

Diskriminering

Det er ikkje rart at folk har latt seg engasjera av denne saka for dette har nok vekka nokon kjensler hjå folk, mange har ledd av dette og reagerar på at han i det heile tatt blir teksta,  mens det  mange reagerar på er ikkje mest at Frank blir teksta , men det dei reagerar på ( i likhet med meg sjølv )er at jærbuen er den einaste inne på farmen som er teksta. Som om at jærsk er den einaste dialekta folk ikkje forstår.. ??  Og er jærsk faktisk så ufortåeligt som mange skal ha det til?

Og kva med oss jærbuar og dei dialektane me ikkje forstår? kan ikkje dei også bli teksta?

Rundt omkring i dette landet er det folk frå alle stader som alle forstår (og ikkje forstår) forskjellige dialektar, Marit Bjørgen blir ikkje teksta, ikkje Anniken Huitfeldt heller, så kvifor teksta berre jærsk? Og er det skal vare framover, at kvar gång ein jærbu er med i eit program eller sit i benken Thomas og Harald så skal han tekstast?

Entan kan dei teksta heile programmet (slik dei gjorde i “Jakten på Kjærligheten”) , eller ikkje teksta programma. Det er mi meining.

 

 

mennesker ,likeverd og mangel på det..

Man lever i 2014 og me burde egentlig lert og godta kvarandre, men slik er det ikkje .. langt i frå .. Faktisk trur eg at det går mindre på utsene no en det gjorde før, i allefall føler eg det slik.

Mange som blir mobba eller utestengde i dag blir det ikkje lenger berre pga. utsene men kva personar dei er inni seg .. og med mobbing meiner eg ikkje berre på skulen slik “barneskule mobbing”(som nok

er den verste form for mobbing).

Eg meiner også ute i samfunnet .. Mange vil nok være uenig og sia dei ikkje røyner noko sjølv .. føler dei kanskje at Noreg er eit fint land, eit trygt land og at folk i Noreg har det fritt og godt.

Eg høyrer ofte folk seie ” me har det godt i dette landet..”, “me er heldige som bur i Noreg”. Då tenker eg at dei sjølve er heldige som  ikkje har røynt det vonde som faktisk foregår i dette landet.

F.eks er Noreg på verdstoppa innen korrupt lik linje med f.eks  Afganistan og Somalia. Det går ut over uskyldige som ikkje er “perfekte” og i eit slikt tillfelle det er dei høgast utdanna og dei med magt som får det

slik dei vil og ikkje dei som fortel sanninga. Og det er det eg meiner med mangel på menneskeverd. For om ein er sikker i sin sak då ein går til rettsak om noko, kvifor må du då “betale” dommerar for og få igjennom ein dom?

På barneskulen er det på eit anna nivå, ein lokker med  leker eller godis for og få nokon til og vare med på mobbing.

I dag skal man helst var innen den “perfekte” rammen. Man skal ha høg utdanning, med god jobb og høg lønn. Man skal være Gift/samboer (mann og kone), ha born som skal gå i barnehage..

i 2014 kan folk  bli melde til barnevernet om det ikkje “perfekt” ..

Ein gång ute på byn  kom ein mann bort til oss  og snakka litt med oss .. eigentleg verka han ikkje så hyggeleg, men me svara han så høfleg me kunne, men då han høyrde at ingen av oss hadde jobb på det tidspunktet ( nokon av oss var heime med små born, nokon hadde var akkurat ferdig skule osv.)

gjekk  med det same , “eg skal ut og lufte meg ” skulda han på så gjekk han i frådrinken han hadde drukke to munner av og kom ikkje igjen.. Det var i grunnen heilt greit, men ei sak av prinsipp.

Mange har ei innstilling at dei ikkje vil vare vener/kjæreste  med dei som ikkje har utdanning/ jobb eller som “naver”  for dei er “late” og “utan ambisjonar..” seier dei, men det er ikkje slik det fungerer..

Mange treng hjelp til og komme seg ut i arbeidslivet, Grunner kan vare : Fysisk eller psykisk sjukdom, mobbing, eller at du av ein eller anna grunn har “faldt utanfor..”

Nokon meiner at foreldre utan utdanninger eller åleineforeldre ikkje er gode foreldre. Nokon har til og med sagt at ” Det burde ulovleg og vore åleine med born”

Nokon  vil til dømes ikkje ha for mykje med og gjere med folk med andre religeonar, eller som er eller har vore allkoholikarar ” dei kan vare farlige ” seier nokon.

Så mi meining er at folk som meiner slikt er utan verkeleg  livserefaring..

Man skal ikkje velge vener etter fyrste inntrykkje, men lære seg å kjenne og sjå kven man trivs i lag med og kven som får oss til og le.. Elin F. Håpar dette kan få nokon til og tenke seg om.. 😉