Category Archives: Juletider

Kvifor bruker ikkje folk butikken?

#bruknærbutikken #brukbyendin #brukbutikken #jul #noreg #norge #norskjul

Kva tenker eg på? spør Facebook
Så var eg her igjen.. eg går i forretning etter forretning og ser etter julasengsett, men kor finn eg dette? i kvar butikk eg går er alle sengsetta like om det er Kid, Spar kjøp eller Princess.

 

Eg var eit par veker sidan inne på Kid og fann ikkje julasengsett, leita og leita. Eg fann noko sengsett, men det som blei kalt julasengsett fekk meg ikkje i julastemning.
Likt er det om eg går i ein annan butikk. Same mønster, same farger. Alle butikkane sel gardiner, tepper og sengsett som ser nokså like kvarandre uansett kor eg går.

“Eg beit merke i denne blusen, den var tydeleg “inn” i år og det var nok mange julebord med damer med slik bluse, der fargen og storleiken på blomstene var forskjell, elles ganske like.”

Det tar meg tilbake nokre år når dei julemønstrane som er inn i år var nokså like julekleda som var inn det året. Eg leite etter julegåve til min søster, blusar og festantrekk i friske farger. Eg leita og leita, men kor eg gjekk var festantrekka for damer mørkoransje, mørkblå og mørkgrøne, ensfarga. Uanset kor eg gjekk var det likt, like mønster og like fargar.
Alle desse klesbutikkkjedane hadde ein ting til felles, ein mørk bluse med store blomster. Eg beit merke i denne blusen, den var tydeleg “inn” i år og det var nok mange julebord med damer med slik bluse der fargen og storleiken på blomstene var forskjell, elles ganske like. Når eg kom til Fretex fann eg mange fine klede, etter å ha leita på heile Kvadrat og heile Maxi Sandnes og berre funne like klede i alle butikkane.

Eit anna år var det tross av at det var jul, umogleg å få tak i raude bluser og kjolar då dette ikkje var inn det året.

Mange mennesker = mange forskjellige smaker og stilar

Kvifor er det slik? Kunne ikkje butikkane heller ha kvar sine stilar heller? Me er tross alt snart inne i 2021 og så greit inn i framtida at ein bør tenka litt lengre en at me forsatt skal alle holda på og selga produkter kun etter kva som er inn. Ein kunne solgt litt varer som var inn no i tilleg, hatt litt utval. Ein butikk kunne solgt sin stil og andre sin stil.

Kvar butikk kunne hatt forskjellig stil, i staden for at alle fylgjer same mote, alltid.

Eg blir litt lei av å gå i butikk etter butikk og sjå på dei same fargane. Me er jo så mange folk her og alle har sin smak. Når det kjem til jul har mange den same smaken som meg og me vil ikkje byta ut julå vår etter det som er inn.  Me vil pynta med det me liker, som gir oss glede..

Eg vil avslutta dette innlegget med ein viktig beskjed. Dei vil at me skal bruka butikkane, men dersom alle buttikkane alltid er fyllt med like ting i same mote medan anna ikkje er å finna i butikken, må me gå på nettet.

I mellomtida må eg nok venta med å gå i butikken og handla julasengsett, slik som sist gång tradisjonsrike mønstre med snø og nissar som gir meg julastemning, ikkje var på “moten”. Den gången var det bare gull,sylv, englar og stjerner å finna på julasengsetta og/ eller gråtonar.

Ha god jul og sov godt!

Ligg verdien i summen du gir ?

Står det ” design ” på noko eller bare det er dyrt løper folk og kjøper fordi folk trur at ” jo dyrere jo bedre”.
Ein gjenstand til 1000 kan gå fort sund mendan same type gjenstand til 70 kr kjøpt ein annan stad har betre kvalitet og vara i mange år.. samstundes kan ein dyr figur kosta 400 ein stad og kosta under 100 ein anna stad. Same figuren, same merke, same kvalitet, men forskjellig prislapp.

 

Om du kjøper ein dyr lysestake til 800kr hadde du aldri kjøpt same lysestaken om dette i eit merke som var omtalt som et “drittmerke” og i vert fall ikkje til 800 kr. Sjølv om lysestaken hadde vore akkurat den same. Det folk gjer då er å kjøpe ein gjenstand pga. tittel.
Det blir som å henge med dattera til millionæren fordi hun er rik, i staden for å vær venn han du eigentlig vil var ven med.

Folk må gjerne pynte julebordet sitt med bare dyrt service, men liker ikkje at ” design ” begrepet skal blende folk til å tenke at dyrt = best eller billigt = drit.

Ein figur kan væra svært dyr når han er inne i tida, men når den tida er over er det ofte veldig merkeleg kor liten verdi den har når den plutseleg etter eit år havner i søppelet.

Om du handler ein billig figur ny eller brukt, som du fell pladask for, den er flott, varm, har fine farger og passer inn i di stova. Du kjøper den fordi du elsker den og bare derfor, då vil eg tru du ikkje blir lika fort lei som ein ting du kjøper som er på moten akkurat nå.

Kva med kvalitet, stoff, materiale, kven du har fått det av, korleis han er laga og av kven.
Kva med farger og utsjånad? Burde ikkje den vasen du synest er finast var den plasserar i stova og ikkje den som alle har i stova fordi den er dyr og moteriktig?

Skal eit grått trist skjerf var ein flottare gåve til ei tanta fordi det koster 500, enn eit fargerikt skjerf til 50 på gjenbruk når tanta di strengt tatt liker betre friske farger?

Nokon ting tel meir en penger

Viktige augeblikk, personer, gode saker og utsjånad er mykje viktigare og gir varen høgare verdi en prisen.

Om ein kjærast gir meg ei gåve frå ei 10 kr korg fordi det fekk han til å tenke på meg når han såg det, er dette meir romantisk en om ein rik kjærast går i ein butikk, ber den ansatte berre finna noko og han blar opp 1000 kr uten å i dette meir tanke.
ofte kan ikkje
Kvaltitet gjenspeilas i prisen sjølv om nokon folk trur det.

Utsjånad og kvalitet gir klær høg status for meg og om flotte klær ikkje koster “skjorta” men har ein så overkommeleg pris at vanlige mennesker kan gå med dei også dei utan så mykje pengar får det endå høgare verdi.
Er heilt totalt i mot at det kun skal vera dei rikaste som skal ha “flotte” klær.

*Julegåver er noko som er koselig å få og koselig å gi. Då meiner eg det vikigaste ikkje er kor dyr den er, men at det er lagt tanke og kanskje arbeid i det. Tenk å opna ein ting som står “verdens beste..” eit eller anna på, noko heimalaga, eller ein gåve frå nokon som hugsar at du mangler ein ting eller hugsar kva du liker aller best.

*Du har kanskje ikkje brukt masse penger på gravpynten, kanskje du synest det enkle er finast og du set lenge igjen på gravplassen og luker, planter, fikser og tenner lys. Kanskje snakker litt med den døde. Det er er det som viser kjerlik.

                                . . .

 

Velg gjenstander til huset, klær og puss opp etter din egen smak, velg det du liker, ikkje det naboen liker. Velg dyrt eller billig, men ikkje pynt stova di eller deg sjølv etter status. Er det ein bestemt stil du er ute etter, finn du dette også billigare nytt, men også brukt på gjenbruk, loppemarked ol.
Pengene varer faktisk ikkje alltid og du må bruke dei med omhu, det betyr ikkje at du aldri kan kjøpe dyrt, men det må ikkje overgå andre verdiar.

Unikt design er bare “unikt” ei stund og mote er ikkje på moten alltid og ofte blir du lei etter ei stund. Det må du tenke på før handler med lysten..

Heilt til slutt..

Det blir det litt trist for min del med ein dyr lysestake til 900 kr som har ein høg pris pga. et merke eller fordi den er inn.

Er summen liten stiger verdien på gjenstanden i mine auge. Det kan vara ein kopp eller ein lysestake, er prisen lav ser eg andre kvalitetar, eg ser lysestaken for det den er og ikkje for prislappen. Eg ser på form og  farger og om den har ein historie.
På same måte som mennesker, me skal heller ikkje kjøpe venner for penger. Me vil var i lag med dei som gjer oss glad uavhengig av penger, utdanning og korleis dei bur, så me vil var i lag med dei me blir glade i ????
På same måte skal du kjøpe ting som gjer deg glad i over lengre tid ikkje berre ei stund til det kjem andre ting på moten.

Spre varme og glede er viktigast

“Gleden borna får av tinga har                                       litt å seie kva vaner du gir ungane”

Entan overause i gåver eller ingen gåver..

Kva med ein mellomting?

Julehandelen går over skaftet eit år, neste år skal det sparast til dei grader

Mange kjenner på det at det liksom må var svært dyrt og flott får å glede, men må det verkeleg det?

Noko av overforbruket kan bytast ut med aktiviteter, heimalaga gåver, malte korger med mat,drikke og divarse bruksting, skjeldne funn frå gjenbruk, loppemarked osv.

Gleden borna får av tinga har litt å seie kva vaner du gir ungane

 

 

 

Å forstå meininga med jula

Ta ungane med på julegåve shopping av gåver som skal sendast til utlandet, å handle inn varer til folk som leverer til fattige familier i Noreg. Ungane og ungdommane kan gi året rundt, ting dei er lei av eller klær som er som er for små kan gies til dei som leverer til fattige land. Så vil ungane sjå ting med andre auger vil eg tru.

Eg er heilt for å gi overraskelser, aktivitetar og tid i julepresanger, men verkeleg ikkje ein einaste gåve å opna under treet?

Spare penger og redde miljøet

“Det som er tull er å ein ny mobil, pc eller anna kvart år.”

 

Det hjelper verken miljøet, økonomien, når ein held på slik overforbruk, spara og så over på eit kolossalt overforbruk heila året for for å spara igjen til jul eller ved å sløse med penger på både mat, nye klær og dyre gåver til både deg sjølv og andre ei jul og sitta på sparebluss neste jul.

Det som hjelper for familieøkonomien og som også er bra for miljøet er og leggje om vanane, året rundt . For eg meiner det skal var greit å gi både kvarandre og ungane gåver til jul, også materielle gleder.

For om det er å spara penger som gjelder så er det ikkje alltid at aktiviter som kino, konserter, teater blir så mykje billigare, alt etter kva du bruker på gåver selvfølgeleg, men det er apsolutt verdt å invistera i TID i saman.

Å gi ungdomen bærbar pc eller mobil er ikkje tull. Då dei kan gjæra lekser, læra masse nye ting, ha kontakt med vener eller finna venner.

Det som er tull er å ein ny mobil, pc eller anna kvart år.

Ein anna ting som er tull er når gåver havner i søppla, har du verkeleg ingen glede av gåva, kan du gi den til nokon som har det. Med dei 5mill nordmenn skulle gjort det same forstår ein at det ikkje er bra for miljøet heller.

 

Spre varme og glede

Om både me vaksne og ungane bruker mindre gjennom året kan me med bruka litt penger på glede i jula på til oss sjølv og andre, utan å sløsa.

Ei gåve under treet med hilsen frå ein du ikkje har sett på lenge eller ser kvar dag.

Eg meiner at ei merksemd frå ein viktig person er viktig.  Prisen skal ikkje var viktig, då meininga med jula er ikkje å “bli rik”, men å spre varme og glede..

Så er det heller ikkje så farleg å gi nokon noko dei ynskjer seg dersom det vil glede.

Kos deg med julegåve handelen, entan du gjer det på den eine eller andre måten.

Elin

 

Flott med lang førjulstid

#jul #norskjul #førjulstid

For tida koser eg meg i førjulstida med julafilmar. Julafilmar er noko av det viktigaste for god julestemning og det er noko ekstra julamagisk med å sitte klar når filmen kjem på fjernsynet.

November er for meg starten på førjulstida, då kjem det julafilmar på fjernsynet, julareklame og småstart på innpakning av julepresanger som allereie er kjøpt inn..

November verte for meg nedtelling til desember ( som går så alt for fort)

Jul starter i desember og då er det så mykje som skjer av avslutningar her og der, grøutfestar, julabord, julashopping +++ at ein nesten må starta med litt av forberedelsane til jul i oktober/november..

Men eg er tydeligvis ikkje åleine der ..

” nei oktober er ikkje tidsnok, eg starter i september.”

“Å nei” seier ein annan “eg må starte i august”

Og nokon starter julegåvekjøpet i januarsalget

Det går så fort at me må ta oss tid til å kosa oss før julestria slår til for fullt ..

Eg ynskjer at huset skal væra nokså ferdig julepynta til desember slik at eg kan nyte å å stå på eit pynta julakjykken å baka kakemenn, sitta i ei julastova om eg skal pakka inn gåver eller får eit pusterom i en hektisk julemånad når det plutseleg kjem ein god julafilm.